The Galaxy Invader (1985)

rated 1/5 — written 27. juli 2011 by filmdagbok

Mitt nye favoritt-show på internett er Half in the Bag – eit filmprogram frå Red Letter Media. To menn skal liksom reparere ein VCR, men blir sittande å drikke øl og snakke om film i veke etter veke.

I episode 2 er den hysterisk dårlege (Half in the Bag sine ord) videoutgivinga The Galaxy Invader under lupa. Hysterisk dårleg er ein magnet mot mitt sinn og eg kunne ikkje dy meg, men måtte sjå The Galaxy Invader.

I denne billege rett-på-video-produksjonen frå 1985 med feilaktig tittel er det menneske som er den ekte trusselen. Dette er forøvrig ingenting nytt, menneske prega av frykt er ofte den øydeleggjande krafta i science fiction-filmar. Men i The Galaxy Invader er det ikkje menneska framfor kamera som er trusselen, det er Don Dohler. Ultra lågbudsjettsfilmskapar som debuterte i 1976 og har holdt det gåande (med relativt få titlar) fram til 2006.

Filmen. Eit romskip krasjar, ein gjeng fulle hillbilliar jagar det for å fange romvesenet i skipet og selje det til høgstbydande.

Hillbilliane er ein håplaus gjeng med stereotypiportretterte, stygge folk i dårlege kostymer. At det å definere omgrepet kvalitet er vrient på grunn av våre subjektive oppfattingar, ser ikkje ut til å hindre Dohler i å lage ein film utan kvalitet.

Jakta er til tider så dum og uforståeleg at det har ein viss underholdningsverdi. Enkelte sekvensar er nok verdt å sjå for dette, men så finst jo YouTube. At filmen stadig handlar mindre og mindre om romvesenet utover, noko som blir toppa med den horrible slosskampen mellom to menneske på slutten, kan stå som eit bilde på filmen som var lite i byrjinga, men gradvis enda opp med å bli ingenting.


The Galaxy Invader (1985)

IMDb

Tag(s)

,

Category(ies)

Alle, Sci-Fi

Copyright

Filmdagbok 2011