- Filmdagbok

Litt om Bjørn Sundquist

Bjørn Richard Sundquist blei fødd i Hammerfest den 16. juni 1948. Han vaks opp i ein by under oppbygging, etter at tyskarane øydelagte mykje under andre verdskrig. Som 16-åring blei han lurt med til å delta i eit lokalt amatørteaterstykke. Og resten, som me alle veit, er norsk teaterhistorie. Det er likevel frå kinolerretet dei fleste kjenner Bjørn Sundquist som den meste brukte filmskodespelaren i Noreg. Han har spelt i over 40 filmar på 20 år. Heilt sidan han vann kritikarprisen for spelefilmdebuten i Kronprisen i 1979, har han vakse med rollane til i dag. Mange vil hevde at han er den mest talentfulle skodespelaren i Noreg.

Dette har han også få bevist, med noregsrekord i talet på Amanda-prisar. Han har foreløpig vunne tre stykk i klassen mannlege skodespelar, for filmane Over grensen frå 1987, Søndagsengler frå 1996 og for tittelrolla i krimserien Sejer - Djevelen holder lyset frå 2000. I sistnemnte spelte han drapsetterforskaren frå Karin Fossums populære romanar. Det var ein figur han også portretterte i kinofilmen Evas øye og i fleire førsteklasses tv-seriar.

Som for å understreke rollen han har hatt i norsk film, fjernsyn og teater så fekk Bjørn Sundquist også æresprisen i Amanda i 2000, i ein alder av 52 år. Han er med det ein av dei yngste som har motteke æresprisstatuetten, då han var eit halvt år yngre enn då Liv Ullmann i si tid mottok han.

I 2002 blei Bjørn Sundquist også til noko av ein kultperson då han hadde ei rekke sprø framføringar på Åpen post, eit program med Bård Tufte Johansen og Harald Eia på NRK. I tillegg til rolla han hadde som Frank Melhus i den sprø humorserien Endelig fredag på TV 2. Trass i stjernestatusen har Bjørn Sundquist vunne popularitet gjennom, forutan talentet, sin sjølvironi og mangel på stjernenykkker. I 2002 veksla han mellom så forskjelige ting som komedie på tv, medverknad i storfilmen I Am Dina og ei birolle i Cowboys Don't Cry, ein av eksamensfilmane på Den Norske Filmskolen.

Bjørn Sundquist er i dag freelance ved blant anna Nationaltheatret, etter fleire år ved Det Norske Teatret. Han bur med familien på Nesodden utanfor Oslo.