10 Cloverfield Lane (2016)

Film / 30. november 2016
4/5

Eg gjekk til 10 Cloverfield Lane med berre ein vag ide om handlinga og forventa ikkje den heilt store opplevinga. Delvis basert på den gjennomsnittlege rangeringa av Cloverfield.

Cloverfield og 10 Cloverfield Lane har berre ei laus tilknyting til kvarandre i form av at historiene er lagt til det same oppdikta universet. Med andre ord er det økonomiske årsaker knytt til denne kreativiteten. Det er heilt ok.

Filmen handlar om ei ung kvinne som hamner i ei bilulykke og vaknar opp i ein bunkers. Mannen som har teke ho med dit meiner at verda er i ferd med å gå under på overflata, men verkar uansett ikkje som ein heilt stabil kar.

Kva som er sant og ikkje sant, og ikkje minst gradene av sanningar, løgner og mangel på informasjon er det som gjer at 10 Cloverfield Lane blir ein god film. Og ikkje minst korleis desse blir utforska i porsjonerte deler gjennom heile gangen til filmen. I endå større grad enn kva Cloverfield var, er dette spennande, sannsynlegvis på grunn av forteljarmetoden som blir brukt. Mangel på informasjon set i gong fantasien, mens det i Cloverfield blei vist for mykje og fantasien fekk mindre å spele på. Moglegvis eit feil samanlikningsgrunnlag, men på grunn av koplinga mellom filmane meiner eg at det er på sin plass å setje filmane opp mot kvarandre.

Eg er med andre ord nøgd med kva 10 Cloverfield Lane har å by på. Det er ein solid film, litt finurleg, men ikkje eit forsøk på å vere for lur.

10 Cloverfield Lane 2016 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Cloverfield

Regi

Dan Trachtenberg

Manus

Damien Chazelle, Josh Campbell, Matthew Stuecken

Skodespelarar

John Goodman, Mary Elizabeth Winstead, John Gallagher Jr., Douglas M. Griffin, Suzanne Cryer, Bradley Cooper (I), Sumalee Montano, Frank Mottek, Kayla Bechor

Sjangrar

Drama, Grøssar, Mysterium, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om 10 Cloverfield Lane

Forfattar