127 Hours

2010 / Film
23. januar 2011
4/5

Ein fyr legg ut på ein klatretur i nokon dalar i Utah. Ei ulukke fører til at han set fast seg, og vert sitjande fast i fem dagar.

127 Hours er ei historie kor tida sakte renn ut. Det er eit løp mot tida, og det er spennande i form av filmen si begrensing og sin forteljarteknikk.

Tida før dei fem dagane har gått blir brukt til å tenkja tilbake på livet, og om ideen hans til å koma seg laus er verd forsøket.

Det er ikkje så mye meir å seia om 127 Hours enn at det er ein god film. Han er på 90 minutt, som òg er av passe lengd. Og det er måten filmen blir bygd opp på som gjev både ein dramatisk effekt og naudsynt spenning.

127 Hours 2010 plakat - Filmdagbok