13 Going On 30

2004 / Film
14. november 2004
4/5

Skulle tr dette ville bli nok ein gjennomsnittleg romantisk komedie, men nei. Framstillinga av 1980-talet er ingenting å klage på, iallfall ikkje i mine augo.

Det som eg la godt merke til, var når karakteren Jenna Rink hoppa fram i tid frå å vere 13 til å bli 30, så kjente ho seg naturleg nok ikkje heilt heime i kroppen sin. Men ikkje nok med at dei berre kasta vekk den ideen med ein gong handlinga fekk starta, det tok faktisk ganske lang tid før ho starta å sjå normal ut, likevel om hun aldri heilt blei det heller.

Eg vil trekke ned litt for at ønskestøvet som førte ho fram i tida, ikkje verka ekte.

Det verka som eg som sjåar av filmen hadde gått glipp av veldig mykje frå det minuttet ho var 13 til det ho var 30. Som var ein god ting.

For å gå utover det filmatiske, så er Jennifer Garner nydeleg i denne filmen, også i alle dei flaue scenene ho dumma seg ut i.

13 Going On 30 2004 plakat - Filmdagbok

Relaterte innlegg

Merkelapp

Kroppbyte

Regi

Gary Winick

Manus

Josh Goldsmith, Cathy Yuspa

Skodespelarar

Jennifer Garner, Mark Ruffalo, Judy Greer, Andy Serkis, Kathy Baker, Phil Reeves, Sam Ball, Marcia DeBonis, Christa B. Allen, Sean Marquette

Sjangrar

Drama, Fantasi, Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om 13 Going On 30

Forfattar