13 Reasons Why

Serie
2017–2019
3/5

I tre sesongar har eg følgt med på 13 Reasons Why på Netflix. Serien handlar om ungdommar som blir råka av fæle opplevingar på high school. Valdtekt, drap og sjølvmord er blant ingrediensane i desse sesongane. Det er soleis ein dyster sak å følge med på, men som byr på sesonglange mysterium av interesse.

Første sesong handlar om ei klassevenninne som tek sjølvmord. Ho etterlet seg kassettar ho har spela inn historia si på, som eit slags verbalt sjølvmordsbrev. Kvar kassett er adressert til ein ny person, og blir presentert i ein ny episode. Og i løpet av sesongen får me vite stadig meir som er med på å gi oss grunnen til sjølvmordet.

Andre sesong spelar vidare på første. Ei rettssak som følger av at foreldra til den avlidne jenta saksøker skulen, er den raude tråden. Og no er det historia sett frå ståstaden til personane som var involvert i første sesong me får høyre.

Tredje sesong tek eit nødvendig steg vidare. Sjølvmordet i første sesong er no blitt historikk. Det er framleis dei same personane med følger som tidlegare, men ein av dei blir drepen i denne sesongen. Spørsmålet er kven som har gjort det, og kvifor.

Den overordna tematikken er at livet er tungt for ungdommane i denne serien. Dei møter mykje motgang, og det er få stunder med lys i liva deira. Dessutan blir det berre verre med tida. Det verkar som serien ikkje skyr på å ta for seg noko av det dystre som kan skje. I tillegg til tidlegare nemnte tema er også skuleskyting, doping, narkotika og mobbing med.

Eg kan like mysterium i 13 Reasons Why. Oppbygginga er god og flyten i historia fangar interessa. Eg tykkjer det blir for dystert, og får inntrykk av at serien er grafisk berre for å sjokkere. Og det passar seg ikkje heilt etter mi meining. Det blir ofte for seriøst for meg. Det positive og det negative i serien balanserer seg ut, og resultatet er ein overkommeleg, men gjennomsnittleg serie.

  • 13 Reasons Why 2017-2019 plakat - Filmdagbok
  • 13 Reasons Why 2017-2019 plakat - Filmdagbok
  • 13 Reasons Why 2017-2019 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    15. september 2019 av

    Merkelapp

    Netflix

    Skapar

    Brian Yorkey

    Skodespelarar

    Dylan Minnette, Christian Navarro (I), Alisha Boe, Brandon Flynn, Miles Heizer, Ross Butler (II), Devin Druid, Amy Hargreaves, Michael Sadler (XIII), William W. BarbourVis alle 460 skodespelarar

    Sjangrar

    Drama, Mysterium

    Land

    USA

    IMDb

    IMDb-side om 13 Reasons Why