1408
Karakteren til John Cusack skriv Topp 10-bøker om spøkelse. Personleg verkte han ikkje å tru på dei, men forfattarskapen er god forretning. Når han så vert oppmerksam på rom nummer 1408 på eit hotell i New York i USA er det forhistoria til rommet som fattar interessa hans. Utan at han på nokon måte vert overtydd av at rommet skulle vera ulikt frå det han tidlegare har vitja.
Hotellstyraren, Samuel L. Jackson i ei fin lita rolle, er svært truverdig i åtvaringa mot å la John Cusack sin rollefigur overnatta der. Det gjer det meir freistande for forfattaren å overnatte. Når han til slutt får rommet, kan du leggja to og to saman. Ting startar å skje.
Filmtraileren til 1408 hinta til ein friskare skrekkfilm. Og 1408 har både gjennomtrengjande gufs og scener me skal skvette av. Det han ikkje har er ei meining, han verkar å gripa om så altfor mykje. Hadde han vore meir spissa og 20 minuttar kortare kunne han ha kome ut av det som ein av dei gode nye skrekkfilmane hausten 2007 for min del. For eg likte mykje av det eg så. John Cusack ber filmen godt ved sida av eit bra regiarbeid av Mikael Håfström.

Regi
Manus
Skodespel
John Cusack (I) • Tony Shalhoub • Len Cariou • Isiah Whitlock Jr. • Jasmine Jessica Anthony • Paul Birchard (I) • Margot Leicester • Walter Lewis • Eric Meyers • David Nicholson • Holly Hayes (II) • Alexandra Silber • Johann Urb • Andrew Lee Potts • Emily Harvey • Samuel L. Jackson • William Armstrong • Kim Thomson • Drew Powell (I) • Noah Lee Margetts • Mary McCormack (I) • Gil Cohen-Alloro • Benny Urquidez • Ray Nicholas • Tina Maskell • Paul Kasey • George Cottle • Julian Spencer • William Willoughby • Angel Oquendo • Thomas A. McMahon • Anthony C. Mazza • Chris Carey • Kevin Dobson • Lily Grace Alexander • Peter Conboy • Georgie Lee-Robinson • Bernadette Lords • Rob McGillivray • Steve Somers (II) • Kate Walsh (I) • Jacob White (III) … Minimer … Vis alle