1958

Film / 1980
2/5

Sjeldan har norsk byungdom på 1950-talet vorte så frisk portrettert som i Oddvar Bull Tuhus sin tidlege 1980-talfilm 1958. Med sex, alkohol og ikkje minst rock som tema er det duka for eit norsk nostalgikalas på mange måtar.

I vennegjengen som består av Arne, Morten, Hanser'n, Eddie, Knut, Doffen, Jan og jentene Tove og Beate er dagane prega av å vera lei skule, vere rockeinteressert og det å verta kjærastar. Meir enn noko anna er det vennskap som utgjer filmen. I forsøk på å samanlikna dette med ein enkelt kjent amerikansk film streifar tankane innom Grease på grunn av den skildra tidsepoken, og at desse kom berre ut med to års mellomrom. Tankane streifar også innom Marlon Brando i The Wild One på grunn av dei tøffe gutane og motorsyklar og igjen tidsepoken. Og American Graffiti i skildringa av ungdom som eigentleg ikkje gjer noko anna enn å får tida i kvardagen til å gå. No skal det for nemnast at 1958 på langt nær når opp til American Graffiti.

Då eg stod på universitetsbiblioteket for å sjå gjennom kva norske filmar dei hadde til utlån, dukka det opp ein likesinna og sikkert langt meir filminteressert enn meg som kunne anbefale 1958 på grunnlag av at filmen var teit morosam. I kretsen hans var filmen ei hit på vorspiel. Allereie same kvelden sat eg heime med filmen og våga meg i gang utan alkohol i kroppen. Og eg kan skriva under på at denne har festlege stundar òg i edru tilstand. Her er det snakk om ein gjennomsnittleg god film på det beste, med nok av morosamt dårlege sekvensar som med jamne mellomrom gjev solide latterkuler.

Enkelte av karakterane er til tider patetiske i forsøket på å vera tøffe, spesielt kvisetrynet Doffen. Forutan å aldri få seg dame og gå rundt og seie tøft medan han gjev tommel opp, trur han at han er den kulaste i verda. At ingen kan spela godt er ikkje noko problem, det kan sjåast på som ein fordel då merksemda vert trekt frå mykje anna som er teit og dårleg.

Uansett kor dårleg han måtte vere når han blir plukka frå kvarande, synst eg 1958 til tider er eit interessant skode. Det er ein viss dynamikk i ungdomsgjengen som er verdt å merke seg. Sjølv om problema ungdomen støyter på er relativt banalt framstelte, så er 1980-tal sin produserte variant av året 1958 av den tidlause typen. Sett bort frå eit par grufulle hårsveisar og anna småtteri er det lite som hadde trengt å bli forandra for at dette skulle ha vore om året 1990.

Sett bort i frå regi, klipping, det tekniske, skodespelarprestasjonar og litt slikt så fungerte dette i grunn heilt midt på treet. Det er mest takka vera at det er ein lett og per i dag morosam film. Det er ikkje den første norske filmen du treng å sjå, men for all del heller ikkje den siste.

1958 1980 plakat - Filmdagbok