2 Guns (2013)

Film / 2. juli 2015
3/5

At mesteparten av filmane eg ser og skriv om blir vurdert som 3/5 er ikkje tilfeldig. Eg ser på 2/5 som ein svak film, og stort sett har ein film noko ved seg som gjer at eg vel å sjå han. Det treng ikkje vera mykje, men ofte er det interessant nok til at eg lèt meg underhalda som følgjer.

I periodar der mykje film blir sedd, har òg filmar som kanskje fortente meir, ein tendens til å blenda inn med fleirtalet. 2 Guns er eg derimot rimeleg sikker på at er ein film sånn omlag midt på treet uansett. Det er ein lett og overflatisk actionfilm med Denzel Washington og Mark Wahlberg i hovudrollene. Dei er politi under dekke frå kvar sin del av amerikansk etterretning, FBI og militæret.

Det handlar om å spikra ein narkotikabaron, rana ein bank, korrupsjon og gjeng- og kartellkonflikt. Og våre karar er midt i det heile, i eit spel som handlar om liv og død. Filmen har eit humoristisk preg, karakterane har glima i auge, og både kuler og kontantar flyg.

Eg mista interessa og konsentrasjonen nokre gonger undervegs, og filmen karrar seg knapt over middels. Dermed hamnar han i samlinga av det meste anna med tanke på rangering, men på den svake sida.

Det blir inga tilråding, heller ikkje for den lette underhaldninga sin del. Handlinga er kurant, men karakterane er det svakaste leddet. Ein tøff fyr eller dame, som Gina Carano i Haywire, med ei tøff haldning kan redde mang ein film. Men Denzel Washington og Mark Wahlber er ikkje nok for 2 Guns.

2 Guns 2013 plakat - Filmdagbok

Regi

Baltasar Kormákur

Manus

Blake Masters, Steven Grant (I)

Skodespelarar

Denzel Washington, Mark Wahlberg, Paula Patton, Edward James Olmos, Bill Paxton, Robert John Burke, James Marsden, Greg Sproles, Fred Ward, Patrick Fischler

Sjangrar

Action, Drama, Komedie, Krim, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om 2 Guns

Forfattar