20 ans d'écart
Franske filmar, spesielt komediar, har eg sansen for. Dei er gjerne meir realistiske i uttrykket og jordnære, men har likevel ein lite framand kultur. Fransk etikette set sit preg på mange av filmane eg har sett.
20 ans d'écart betyr noko sånt som 20 år i aldersskilnad. Tittel til side, så handlar det om ei 38 år gammal dame som skal bevisa for sjefen sin at ho har like mykje liv i seg som dei yngste kollegaane sine. Alice (Virginie Efira) som ho heiter, tar styringa ved byrje å gå på stemnemøte og ta med 20 år gamle Balthazar (Pierre Niney). Dei møttest tilfeldig då Alice gløymde igjen ei minnebrikke på eit fly, og rett tid og stad og sånn, og så vidare.
20 ans d'écart er ein artig sak, men stikk ikkje særleg djupt. Veksande kjensler er obligatorisk, og alderen blir opplagt eit hinder i løpet av filmen.
Eg synst likevel det var ein fin film, og fekk sansen for Virginie Efira og Pierre Niney, og synst dei hadde ein fin kjemi som passa godt. Blant romantiske komediar så får denne det godkjente plusset, då han ikkje var som eit glansbilde, men blandar inn reelle problemstillingar på lett vis i ei elles streit oppbygd historie.

Regi
Manus
Skodespel
Virginie Efira • Pierre Niney • Charles Berling • Gilles Cohen • Amélie Glenn • Camille Japy • Michaël Abiteboul • Camille Pélicier • Jenna Azoulay • Camille Chalons • Louis-Do de Lencquesaing • Aude Pépin • Arthur Mazet • Sophie-Marie Larrouy • Marcella Sbraletta • Ludovic Pinette • Camille Andrey-David • Sylvia Macaire • Diana Stewart • Angélique Pleau • Pierre Khorsand • Nahla Diagouraga • Benjamin Rolland • Hervé P. Gustave • Blanche Gardin • Patricia Malvoisin • Charles-Roger Bour • Xavier Lemaître • Laurent Savry • Luc Le Castrain • Lucie Boujenah • Belotti Soizic • Scali Delpeyrat • Martin Defives • Augustin Bonhomme • Calixte Broisin-Doutaz • Alexandre Brik • Julia Dorval • Robert Dauney • Johanna Seror • Agathe Chabolle • Luis Inacio • François Civil • Sébastien Loesener • Alexandre Padilha de Azevedo • Simon Delorme • Elysee Paradise • Michele Ann Einert • Laura Giudice • Ivan Le Goff • Stephanie Slama … Minimer … Vis alle