20 Million Miles to Earth
Monster er frå Venus, menn frå USA.
Eit romskip hamnar i havet utanfor Sicilia, trass storleiken skapar det ingen farefulle bølgjer for dei nærliggande fiskebåtane. Dei om bord i den eine båten klarer på mirakuløst vis å henta ut eit par overlevande gjennom eit hol forårsaka av ein meteoritt, som har openberra seg på havnivå. Romskipet viser seg å vera ei amerikansk oppfinning og har akkurat komme seg tilbake frå ein hemmeleg ekspedisjon til Venus. Med seg har dei levande liv frå venus til å forska på. Forskingsobjektet vekst drastisk og rømmar, eit monster er laus!
Morosam film, kult monster i punktfotografering, litt enkel, men på ein god måte. Artig at dei involverte har eit svar på alt og alltid i seinaste laget.
Filmen byr aldri på utfordringar og blir litt einsformig i lengda, det er nok grunnen til at dette aldri fall skikkeleg godt i smak her.
