2001: A Space Odyssey (1968)

Film / 29. oktober 2003
3/5

Sjølv om eg synast at 2001: A Space Odyssey er ein flott film, nesten som eit kunstverk, så kan eg ikkje unngå bli prega av keisemd.

Filmen er to og ein halv time lang. På denne tida er det minimalt med snakking og eit par uuthaldelege sekvensar. Eg kan klart nemne det psykedeliske fyrverkeriet av fargar og slutten som stader kor eg ønska å slå av filmen.

Tematikken i filmen er derimot god og interessant, og dei meir handfaste innslaga har god framdrift og gode poeng. Så når eg ser meg villig til å vurdere filmen i deler kjem dei sterke sidene fram.

Eg har sett filmen to gonger til no, og hadde omtrent same oppleving begge gongene. Det kjedelege blei litt meir kjedeleg, men det er feil å avfeie opplevingane som berre kjedelege. For filmen har flotte visuelle innslag og gode poeng.

2001: A Space Odyssey skil seg ut som noko annleis enn alt anna eg har sett. Dette er i god nok grunn til å sjå filmen. Ein annan tanke som slår meg på tampen er den, at skulle eg berre kunne sjå filmar av ein regissør i mitt liv, hadde Stanley Kubrick vore ein sterk kandidat. Hans filmar varierer stort, og er alle gode på sin måte. Berre ikkje like gode.

2001: A Space Odyssey 1968 plakat - Filmdagbok

Regi

Stanley Kubrick

Manus

Stanley Kubrick, Arthur C. Clarke

Skodespelarar

Keir Dullea, Gary Lockwood, William Sylvester, Daniel Richter, Leonard Rossiter, Margaret Tyzack, Robert Beatty, Sean Sullivan (I), Douglas Rain, Frank Miller (I)

Sjangrar

Mysterium, Science fiction

Land

USA, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om 2001: A Space Odyssey

Forfattar