3 Godfathers
I 3 Godfathers skal tre menn rane ein bank, for så å flykte over grensa til Mexico. Men ting skjer ikkje som planlagt etter ranet, og dei kjem fort i ein situasjonen kor dei manglar vatn.
Filmen omhandlar overleving for dei tre mennene som har ein marshall med hjelparar i ryggen. Historia utviklar seg også vidare med andre hendingar undervegs, men eg tenker å unnlate å skrive meir her. Det er så få store linjer å oppsummere, at det vil øydelegge eventuell glede i å oppdage det sjølv om du ser filmen.
3 Godfathers er ein film av John Ford med John Wayne i hovudrolla, men er verken den beste filmen til den eine eller andre. Det betyr ikkje at filmen er utan kvalitetar. Han er god på å formidle ein tilsynelatande håplaus situasjon med akkurat nok glimt av håp og humor til at det gir preg av ein hovudstraumsfilm framfor å vere dyster realisme.

Regi
Manus
Skodespel
John Wayne (I) • Pedro Armendáriz • Harry Carey Jr. • Ward Bond • Mae Marsh • Mildred Natwick • Jane Darwell • Guy Kibbee • Dorothy Ford (I) • Ben Johnson (I) • Charles Halton • Hank Worden • Jack Pennick • Fred Libby • Michael Dugan (I) • Don Summers (II) • Gertrude Astor • Nora Bush • Ruth Clifford • Jack Curtis (I) • Tex Driscoll • Francis Ford (I) • Richard Hageman (I) • Jack Kenny (II) • Cliff Lyons (I) • Jack Mower • Eva Novak (I) • Charles Soldani • Harry Tenbrook • Amelia Yelda … Minimer … Vis alle