3 Idiots (2009)

Film / 9. juni 2014
4/5

3 Idiots er ein festleg indisk film som i skrivande stund ligg på IMDb Top 250 (IMDb). Stjerner som Aamir Khan og Kareena Kapoor toppar filmkreditten, i lag med Madhavan og Sharman Joshi.

Filmen kan på enkelt vis kallast ein collegekomedie. Men sidan dette er indisk, er det òg mykje meir i løpet dei tre timane til filmen. Til dømes bilturkomedie, musikal og romantisk drama. I grunn ei god blanding av lite overraskande innslag.

Det handlar i hovudsak om tre venner som tar ingeniørstudie på eit kjent college, og motstanden dei møter der. Styraren har noko i mot dei, to av dei fordi dei er dårlege studentar, og han siste fordi han er svært smart, men ikkje vil føya seg etter regelverket. Spol nokre år fram i tid og den smarte har forsvunne sporlaus etter studietida, og dei to skal prøve å finna han.

Filmen vekslar mellom fortid og notid, og begge delane av filmen er like interessante. Det er nok mest humoren som styrer showet, men eit par alvorsord innimellom legitimerer rolla til filmen som ein slag kritikk òg. Mellom anna med tanke på prestasjonspress og sjølvmord, og læring versus pugging.

Det er ikkje stort her som stikk så djupt, men sidan filmen er så lang, så får du både kjennskap nok til karakterane og eit lite engasjement for den seriøse delen av handlinga. Forteljingane går tydeleg framover, så det manglar heller ikkje på utvikling. Det vil sei at eg ikkje har noko i mot at filmen er lang. Heller det motsette, at det blir positivt at filmen viser eit sopass utfyllande bilde av livet til dei involverte.

3 Idiots 2009 plakat - Filmdagbok

Regi

Rajkumar Hirani

Manus

Rajkumar Hirani, Vidhu Vinod Chopra, Abhijat Joshi, Chetan Bhagat

Skodespelarar

Aamir Khan (I), Madhavan, Sharman Joshi, Kareena Kapoor, Boman Irani, Omi Vaidya, Mona Singh, Javed Jaffrey, Parikshat Sahni, Olivier Lafont

Sjangrar

Drama, Komedie, Romantikk

Land

India

IMDb

IMDb-side om 3 Idiots

Forfattar