30 Days of Night (2007)

Film / 10. februar 2008
4/5

David Slade som stod bak den skremmande og temafokuserte Hard Candy har fått æra av å leia Josh Hartnett inn i det som er endå ein skremmande film, på ein litt annan måte.

Denne mindre koselege historia tar plass i ein by i Alaska. Barrow er ein av dei nordlegaste byane i verda med meir enn 2000 innbyggjarar. 30 Days of Night byrjar her i starten av mørketida, då byen har tretti dagar utan sol framfor seg. Flesteparten av befolkninga har reist sørover for månaden og eit mindretal er igjen.

Like før sola forsvinn eksploderer tala på vandalisme og sheriff Eben Oleson (Josh Hartnett) får ein liten forsmak på tida som kjem. Snart kryr byen av blodtørste vampyrmutantar.

30 Days of Night kunne fort ha feila, han ligg faretruande nær gotisk inspirerte vampyrfilmar med mykje blod, tøffe vampyrar og dumme menneske. Men så klarer han likevel å halda seg på den rette sida. Dei fleste som er i ferd med å avsløra gøymestadane i løpet av filmen kjem fort til fornufta igjen, få er ute etter å visa seg som heltar og så vidare. Det vil ikkje sei filmen er perfekt, det er småting innimellom som gjer at dette aldri vil bli ein toppfilm. Eg ser ingen grunn til å trekka fram desse sidene her, men let det vera nemnt.

Sider som får meg til å setja nok pris på dette ganske rett fram møtet mellom menneske og vampyrar er: At blodet og snøen går så godt saman, og at snøen verka kald. At vampyrane er skodespelarar med sminke framfor å vere dataanimerte. Og at nok av søkelyset er på den håplause situasjonen til å kunna godta mengdene med blod som tar plass.

Foto er gjort med sansen for detaljar og hevar inntrykket eit hakk åleine. Det kan godt henda dette er tungt inspirert av stilen til teikneserien som filmen er basert på. I blant hentar filmen utsnitt frå teikneserieruter, men preget av å vera ein adapsjon er ikkje gjennomsyra i negativ eller upassande forstand heller.

30 Days of Night 2007 plakat - Filmdagbok

Regi

David Slade

Manus

Stuart Beattie, Brian Nelson, Steve Niles, Ben Templesmith

Skodespelarar

Josh Hartnett, Melissa George, Danny Huston, Ben Foster (I), Mark Boone Junior, Mark Rendall, Amber Sainsbury, Manu Bennett, Megan Franich, Joel Tobeck

Sjangrar

Grøssar, Thriller

Land

USA, New Zealand

IMDb

IMDb-side om 30 Days of Night

Forfattar