30 Minutes or Less

2011 / Film
13. november 2011
3/5

Dwayne (spelt av Danny McBride) og Travis (Nick Swardson) tilset ein leigemordar for å drepa Dwaynes far, då han nyleg vann lotteriet og dei ynskjer å opna ein massasjesalong med pengane.

Leigemordaren er ikkje billeg, så for å betala han pengane han krev jobben, kidnappar dei ein pizzaleverandør, Nick (Jesse Eisenberg). Dei festar ei bombe til han og fortel han at dei vil sprenge han i fillebitar med mindre han ranar ein bank og gir dei pengane dei treng til leigemordaren. Etter dette vert filmen rar.

Dumt, men artig. Handlinga er latterleg, men filmen vert bore av altfor dryge tilstellingar, spesielt dei av Danny McBride og Aziz Ansari. Veldig morosamt, spesielt dialogen mellom McBride og Ansari.

Jesse Eisenberg spelar den vanlege fyren i motsetnad til McBride og Ansari. Eisenberg gjer ein god jobb. Nick Swardson er perfekt som hjelparen til McBride. God støtte frå Michael Pena, Dilshad Vadsaria og Fred Ward.

30 Minutes or Less 2011 plakat - Filmdagbok