30 Rock (2006–2013)

Serie / 10. februar 2013
3/5

Vurdering av sju år med ein serie er vanskeleg. 30 Rock har hatt både opp- og nedturar undervegs, og eg kan umogleg gi ein rettferdig karakter som passar til heile gådd.

Eg var ikkje overtydd etter første sesong med serien, men ville halde fram i håp om at det skulle ta seg opp. Enkeltpersonar skilde seg ut og leverte nok humor som passa meg til at det mest banale og fysiske kunne tolererast. Tina Fey fann ei god oppskrift der satire og slapstick passa inn. På ei side stod Alec Baldwin i dress, på den andre stod Tracy Morgan i hoodie. Denne simplifiserte todelinga stemmer ikkje overeins med heile serien, men er med for å illustrera mangfaldet.

Serien føregår rundt eit håplaust variety show og håplause personar. Humoren går i krasj mellom personlegdommar og personar som ikkje kan ta vare på seg. Oppå dette handlar episodane om dei mange rare innfalla personane får. Eksempelvis frå andre sesong: SeinfeldVision. NBC har kjøpt rettigheitene til å bruka Jerry Seinfeld, og planlegg å datamanipulere han inn i alle programma på NBC.

30 Rock ligg nærare tidsfordriv enn større utbytte. I det legg eg at serien ikkje går framover eller har ein djupare meining. Enkle poeng blir serverte på rekke og rad i sju år. Det er heilt greitt til formålet sitt, og det er stort sett morosamt, med unntak av enkelte episodar her og der.

30 Rock 2006-2013 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

NBC

Skapar

Tina Fey

Skodespelarar

Tina Fey, Tracy Morgan, Jack McBrayer, Scott Adsit, Judah Friedlander, Alec Baldwin, Jane Krakowski, Keith Powell, Katrina Bowden, Kevin Brown (I)

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om 30 Rock

Forfattar