365 dni

På ein hyttetur var 365 dni dei einaste nedlasta filmen i Netflix-appen som ikkje var utgått. Ein film som på eit tidspunkt var lasta ned, men aldri nøye tenkt på som eit faktisk alternativ å sjå ved tidlegare høve.

Eg hadde på førehand fått inntrykk av at dette var ei Fifty Shades of Grey-etterlikning, og kan moglegvis ha lese dette ein stad. Det var med dette utgongspunkte eg byrja å sjå filmen. Med mine avgrensa kunnskapar om kva Fifty Shades of Grey er, for eg har verken sett filmane eller lese bøkene.

Eg forventa altså ein halverotisk sak av laber kvalitet. Men det eg i staden fekk var ei ganske så dryg affære om mafiaverksemd, kidnapping, valdtekt, Stockholm-syndromet og ei aggressiv mannleg hovudrolle. Alt forsøkt dekt over eller formidla som ein erotisk film. Men det er ikkje til å komme unna at dette er fæle greier.

Kort oppsummert handlar dette om ei polsk kvinne som er på ferie på Sicilia. Ho blir kidnappa av ein mafiasjef, som skal halde ho fanga til ho blir forelska i han. Mot hennar vilje heile vegen. På eit tidspunkt lenkar han ho fast, medan ho må sjå han ha sex med ei annan kvinne.

Alt er passe tildekka, så reint grafisk sett så er ikkje filmen den drygaste. Litt hud her og der. Det er i utføringa av historia det her dryg på. Og det er ikkje nødvendig på grunn av historia i seg sjølv heller, men det at ho er formidla på ein ekkel måte. Det er som om dette blir fortalt på ein måte som at det er greitt, og at filmskaparen trur det er greitt. Og det er dette inntrykket som får filmen til å bli den dårlege filmen han er.

Styr unna dette her.

365 dni 2020 plakat - Filmdagbok

Dato

6. desember 2020

Forfattar



Alternativ tittel

365 Days

Sjangrar

Land