3rd Rock from the Sun (1996–2001)

Serie / 16. juli 2015
3/5

Bak 3rd Rock from the Sun står dei same serieskaparane som laga That '70s Show. Dette var grunnen til at eg for fleire år sidan gav meg i gang med denne serien. Men det vart berre med første sesong den gongen. Serien slo ikkje så godt an hjå meg, og eg la serien på is etter eit par episodar ut i andre sesong.

Då eg seinare oppdaga serien på nytt på Netflix, slo lysten i meg til å fullføre inn, og eg gav serien ein ny sjanse i håp om å fullføre. Det tok nokon episodar over ein periode med tid før eg i det heile fekk nok interesse. Om det var verdt det er eit spørsmål for seg sjølv, men eg enda i det minste opp med å bli sånn passe interessert etter kvart. Vitsane blir greie nok, men det er først og fremst John Lithgow som er det komiske innslaget og det einaste alibiet for kvalitet i serien.

Det som skil 3rd Rock from the Sun frå That '70s Show, til fordel for sistnemnte, er nok at han både er sjarmerande retro, og har ungdommar i rollene. For min del har ungdomseriar alltid hatt noko ekstra ved seg. Mens førstnemnte i grunn berre er ein vanleg situasjonskomedie om ein familie, berre med ein liten vri.

Sjølv om eg følte at eg kom inn i ein fin rytme med serien over tid, handlar det nok meir om rutinen eg fekk enn om kvaliteten til serien. Dommen er i grunn klar på at serien verken er verdt å anbefale, eller var verdt tida mi. Men det er alltid fint å ha ein komedie å følge med på innimellom, og 3rd Rock from the Sun fylte den rolla ei lita stund.

3rd Rock from the Sun 1996-2001 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

NBC

Skaparar

Bonnie Turner, Terry Turner

Skodespelarar

John Lithgow, Kristen Johnston (I), French Stewart, Joseph Gordon-Levitt, Jane Curtin, Simbi Khali, Elmarie Wendel, Wayne Knight (I), Ian Lithgow, David DeLuise

Sjangrar

Komedie, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om 3rd Rock from the Sun

Forfattar