40 Days and 40 Nights (2002)

Film / 28. juli 2007
3/5

Matt (Josh Hartnett) slit med psykiske problem forårsaka av for mange eingongsligg i forsøk på å gløyme ekskjærasten som slo opp med han seks månader i forvegen. Difor vel han, i tråd med katolsk kyrkjetradisjon å gi opp det han elskar i 40 dagar. Og han elskar sex og alt i nærleiken.

Naturleg nok møter han ei nytt dame få dagar etter prosjektet er starta, og problema ballar på seg på grunn av fasten.

40 Days and 40 Nights er hovudsakleg ein ganske standard romantisk komedie. Det som skil han litt ut er at han handlar meir om sex og ja, sex og sex, enn håplaus romantikk. Dette gjer han til ein framifrå romantisk komedie for menn.

Sjølv om filmen helst går i dei mest opptrakka fotspora i Hollywood, så reddar han seg sjølv ved å trakke nær kanten, smøre godt på med vitsar relatert til sex og pene damer. Det er ikkje vits å legge skjul på at filmen ikkje er spesielt djup.

40 Days and 40 Nights 2002 plakat - Filmdagbok

Regi

Michael Lehmann

Manus

Rob Perez

Skodespelarar

Josh Hartnett, Shannyn Sossamon, Paulo Costanzo, Adam Trese, Emmanuelle Vaugier, Lorin Heath, Aaron Trainor, Glenn Fitzgerald, Monet Mazur, Christine Chatelain

Sjangrar

Drama, Komedie, Romantikk

Land

USA, Storbritannia, Frankrike

IMDb

IMDb-side om 40 Days and 40 Nights

Forfattar