7 Men from Now

Film · 1956 · · 2. mars 2021
4/5

7 Men from Now er ein western frå 1956. Filmen er produsert av produksjonsselskapet Batjac, som John Wayne stod bak. Filmen var i hovudsak tenkt å ha John Wayne i hovudrolla, men så dukka tilbodet om å spele i The Searchers opp. Kort fortalt så enda filmen opp med å bli laga med Randolph Scott i hovudrolla.

Randolph Scott er ein skodespelar med mange westernfilmar bak seg. Eg har ikkje sett så mange av dei, og har endå til gode å sjå ein dårleg ein. 7 Men from Now føyer seg inn i rekka av høgt rangerte filmar.

Det handlar her om ein tidlegare lensmann som er på jakt etter sju menn. Eg skal ikkje gå for mykje inn på verken forhistoria til mannen eller andre omstendigheiter. Dette er ting som filmen fortel på dei rette plassane, og som er verdt å vente på. Filmen byrjar med at mannen er på veg rundt omkring med hesten sin, då han møter eit ektepar med hest og vogn som er på veg sørover. Etter litt om og men så sler han følgje med dei, og filmen følgjer desse partane vidare mot målet.

Det er ein lineær og ukomplisert film, men som byr på små gledar i måten han er bygd opp på og når ting blir fortalt. Samtidig er det gode karakterar, festleg action og ein tøff tone. Altså ein western av det enkle slaget som gjer det beste ut av seg.

Les ei anna melding på 366weirdmovies.com.
7 Men from Now 1956 plakat - Filmdagbok