8 femmes (2002)

Film / 14. desember 2009
3/5

Åtte kvinner og ein død mann, det er utgangspunktet for 8 femmes, ein adapsjon av eit skodespel som kryssar krim og musikal. Åtte kvinner, dei fleste i familie med kvarandre, blir tvinga til å forlenge samhaldet i nærvær av kvarandre da mannen i huset blir funne drepen. Vidare følger ei nesten to timar lang førestilling der kvinnene prøver å avsløre kven av dei som kan vere mordaren, for det er klart at ingen andre enn nokon av dei har hatt moglegheita.

Snøa inne og med ei kald stemning seg i mellom. 8 femmes er ei framsyning av slu kvinner som manipulerer, hatar og elskar kvarandre, sjølv om det ofte er vanskeleg å definere den eigentlege naturen til karakterane. Studie av kvinnene som med dramatisk endring i humør like gjerne kunne hatt ti døde menn i etasjen over utan å oppføre seg annleis, blir både fascinerande og tidvis rimeleg kjedeleg. Mordet forsvinn i bakgrunnen og det er lite igjen som gjer dette til ei samanknytt filmoppleving. Dei musikalske innslaga er fine, om enn meir små pausar av lite kraftfulle songar enn noko anna.

Resultatet er ein altfor lang film om litt for lite. Når mordhistoria må bli avslutta sit eg ikkje igjen med interesse for verken løysing eller utfallet til eventuelt skyldige og uskyldige som har fått pepar undervegs. Godt skodespel av kjente franske skodespelarar er blant det positive, så å mislike 8 femmes er ingen alternativ for min del heller.

8 femmes 2002 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Julefilmar

Regi

François Ozon

Manus

François Ozon, Marina de Van, Robert Thomas

Skodespelarar

Virginie Ledoyen, Danielle Darrieux, Firmine Richard, Catherine Deneuve, Emmanuelle Béart, Isabelle Huppert, Ludivine Sagnier, Fanny Ardant, Dominique Lamure

Sjangrar

Komedie, Krim, Musikal, Mysterium

Land

Frankrike, Italia

IMDb

IMDb-side om 8 femmes

Forfattar