8 Mile (2002)

Film / 23. juni 2015
3/5

Denne historia er delvis basert på livet til Eminem frå han var hobbymusikar til han blei profesjonell rappar. Eminem spelar sjølv i hovudrolla. Han gjer ein god figur i ein god film om Detroit og rap.

Det er det harde livet for den oppdikta arbeidaren og hobbymusikaren Jimmy B-Rabbit Smith som er senteret for 8 Mile. Om privatlivet hans, prega av problema folk rundt han har skapt seg, og om hans forhold til enkelte kvinner, redselen for å framføra, men hans gode evne til å rappa når det likevel går.

8 Mile er ei godt fortald historie som både engasjerer, står fram som eigenarta i havet av filmar, og som har god musikk. Alt er ikkje perfekt. Delar av filmen er datert på ein dårleg måte, og filmen har både dødtid og periodar med det eg vil kalla oppbrukt materiale. Som i dårlege klisjear frå andre filmar. Dette er sjølvsagt vurdert frå min ståstad og ut frå filmar eg har sett, men det gjeld jo all vurdering som vert gjort på Filmdagbok.

8 Mile fell mellom to stolar. Eg gir ei anbefaling til deg viss du har interesse for Eminem eller historier inspirert av livet til musikarar. Og det er ein film du kan la vera å sjå om du ikkje har interessa.

8 Mile 2002 plakat - Filmdagbok

Regi

Curtis Hanson

Manus

Scott Silver

Skodespelarar

Eminem, Kim Basinger, Mekhi Phifer, Brittany Murphy, Evan Jones, Omar Benson Miller, De'Angelo Wilson, Eugene Byrd, Taryn Manning, Larry Hudson

Sjangrar

Drama, Musikk

Land

USA, Tyskland

IMDb

IMDb-side om 8 Mile

Forfattar