A Bad Moms Christmas

2017 / Film
28. januar 2019
3/5

Me er i slutten av januar, og eg var visst ikkje ferdig med julefilmar denne vinteren likevel. Etter å ha sett Bad Moms, fall valet ei kveld på å sjå oppfølgaren A Bad Moms Christmas.

Mila Kunis, Kathryn Hahn og Kristen Bell gjentek alle rollane sine i sentrale posisjonar som mødre i ein film med delvis seriøs bodskap og rølpete innslag. I noko større grad enn i Bad Moms er det tullet som blir framtredande.

A Bad Moms Christmas er difor ein noko svakare film. Men filmen er ikkje fri frå ein raud tråd. Her handlar det om forholdet dei tre mødrene har til sine mødre igjen. I samband med at jula nærmar seg, får alle tre besøk av sine foreldre.

Dei tre eldre mødrene på besøk tilfører filmen passande utfordringar for dei tre viktigaste karakterane. Kunis har den mest seriøse utfordringa, medan Hahns mor kjem med mykje tull og Bells mor berre er rar og klengete.

Filmen klatrar til same stad på skalaen som Bad Moms. Men sett opp mot kvarandre er det den svakare av dei to.

A Bad Moms Christmas 2017 plakat - Filmdagbok

Annonse

Relaterte innlegg

Merkelappar

Bad Moms, Julefilmar

Regi

Jon Lucas, Scott Moore

Manus

Jon Lucas, Scott Moore

Skodespelarar

Mila Kunis, Kristen Bell (I), Kathryn Hahn, Christine Baranski, Susan Sarandon, Cheryl Hines, Jay Hernandez (I), Justin Hartley (I), Peter Gallagher (I), Oona Laurence

Sjangrar

Eventyr, Komedie

Land

USA, Kina

IMDb

IMDb-side om A Bad Moms Christmas

Forfattar

Asbjørn Ness