A Birder's Guide to Everything

Film / 2013
3/5

Kodi Smit-McPhee spelar ein tenåring som har mista mora si for eit og eit halvt år sidan. Han er interessert i fuglar og skal vere forlovar i bryllaupet til faren om få dagar.

A Birder's Guide to Everything har det som skal til for å bli ein heilt grei oppvekstfilm. Det som skal til er som regel ungdommar, alvor og litt komedie.

Det som det står på er at filmen ikkje klarer å gå særleg djupt, iallfall ikkje på ein engasjerande måte. Det er ikkje nok sjarm til å smelte, og det er stort sett berre ei rørande scene som framkallar nemneverdig emosjon. Resten av filmen går under merkelappane godkjent og fin. Først og fremst i tone og visuell stil.

Filmen er altså ikkje dårleg. Men han er heller ikkje å anbefale. Trass i å vere godkjent er det eit vonbrot, med tanke på at eg forventa ein mykje flottare, artigare og rørande film.

A Birder's Guide to Everything 2013 plakat - Filmdagbok