À bout de souffle (1960)

Film / 20. desember 2007
4/5

Ein kriminell må flykte etter å ha drepe ein politimann.

Jean-Luc Godard gjer ein lovande filmdebut, og sparkar i gang den nye franske bølga med dette friske dramaet. Det er blant det beste eg har sett av denne regissøren. Eg har ikkje sett så altfor mykje, men eg har vore borti dei av hans meir eksentriske og abstrakte filmar.

Sjølv etter eit halvt hundreår verkar dette friskt, med si flytande handhalde kameraføring. Mykje av skrytet må gå til Jean-Paul Belmondo, som gjer det som i utgangspunktet er ein usympatisk karakter om til sjarmerande og hyggeleg. Jean Seberg er òg tiltalande som den amerikanske kjærasten.

Ei utvida scene på eit soverom der dei to snakkar om litt av kvart er eit av høgdepunkta i À bout de souffle.

À bout de souffle 1960 plakat - Filmdagbok

Regi

Jean-Luc Godard

Manus

François Truffaut, Jean-Luc Godard, Claude Chabrol

Skodespelarar

Jean Seberg, Jean-Paul Belmondo, Daniel Boulanger, Henri-Jacques Huet, Roger Hanin, Van Doude, Claude Mansard, Liliane Dreyfus, Michel Fabre, Jean-Pierre Melville

Sjangrar

Drama, Krim

Land

Frankrike

IMDb

IMDb-side om À bout de souffle

Forfattar