A Bug's Life (1998)

Film / 10. februar 2008
3/5

Det me har her er ein fin liten film som tek meir av røyndomen og hardleiken til Antz, og blandar han med meir levande fargar og humor som barn kan forstå. Og legg til ei historie om mobbarar, litt som i Shichinin no samurai.

At eg nemner Shichinin no samurai er fordi ein liten maur hentar inn ei gruppe med framande for å hjelpa mot tøffe insekt som planlegg å øydelegge for maurane.

Men slike samanlikningar fangar ikkje så mange barn opp. Det som vil syne gjennom er at dette handlar om mobbing og er ei fargerik oppleving. Eg vil ikkje sei at A Bug's Life var ein dårleg film, men eg likte Antz betre.

A Bug's Life 1998 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Pixar, Disney

Regi

John Lasseter, Andrew Stanton

Manus

John Lasseter, Joe Ranft, Andrew Stanton, Don McEnery, Bob Shaw

Skodespelarar

Dave Foley, Kevin Spacey, Julia Louis-Dreyfus, Hayden Panettiere, Phyllis Diller, Richard Kind, David Hyde Pierce, Joe Ranft, Denis Leary, Jonathan Harris

Sjangrar

Animasjon, Eventyr, Familie, Fantasi, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om A Bug's Life

Forfattar