A Busy Day

Film / 1914
1/5

A Busy Day er ein kortfilm med Charles Chaplin frå 1914. Han er på seks minuttar, og handlar nesten utelukkande om ei dame som Charles Chaplin spelar. Ho blandar seg inn fleire konfliktar under ein parade, og blir del av fysiske basketak som følger av dette.

Dette var ein kuriositet eg såg og som var gratis tilgjengeleg. Eg var interessert i tidleg arbeid av skodespelaren, og det han var med i før han starta å spele landstrykaren i Kid Auto Races at Venice. Filmen hadde ingenting å tilby av godt innhald, framdrift eller fysisk humor. Sidan det er snakk om seks minuttar, er det lite som gjenstår når dette ikkje er på plass.

A Busy Day 1914 plakat - Filmdagbok