A California Christmas

A California Christmas var ein heller svak julefilmNetflix. Han var sopass anonym, at eg i fleire dagar etterpå hadde gløymt å legge han til her på Filmdagbok.

Dette er ein julefilm av det slaget som godt kunne ha vore ein romantisk komedie utan jul i seg. Forutan tittelen er det berre eit lite innslag mot slutten av filmen som handlar om jul. Det er ikkje så nøye eigentleg, filmen er like god, eller like dårleg uansett. Men det gir nok falske forhåpningar, sjølv om California-innslaget i tittelen er med på å styre dette mot alt anna enn kvit jul.

Her har vi ei klassisk forteljing om ein mann som utgir seg for å vere nokon annan enn han er. Han får jobb som gardsgut på ein gard. Ein gard som han eigentleg skal overtale eigaren til å selje til sjefen sin. Men undervegs i eit langsiktig forsøk på dette så forelskar han seg, og prioriteringane hans endrar seg. Då blir det ikkje lett å fortelje til kvinna på filmplakaten kven han eigentleg er.

Eg har sett nok filmar til å ha vore borti denne oppbygginga fleire gonger enn eg kan telje. Og det er i grunn ein heilt grei måte å bygge opp ein film på. Føreseieleg er det nok, men det kan by på så mangt. I A California Christmas så feilar dette, og årsaka er at bak filmen er det nokon som ikkje kan lage film. Eller god film iallfall. Det meste her er ei tålmodigheitsprøve. Filmen består av altfor lange scener, og altfor mange like scener. Mannen grev seg stadig ned i eit djupare hol av løgner, og det går så langt at det er passe ubehageleg å sjå på. Det som i ein slik film, som verkar å sikte mot lett og ledig, skulle ha vore litt sleipt, men ikkje så mykje meir. Det skal trass i alt vere eit realistisk håp for at slutten kan bli truverdig nok.

I 2020 har oppkøyringa til jul vore god, med mange høge rangeringar. A California Christmas føyer seg derimot inn blant det dårlege selskapet på nedre halvdel av rangeringsstigen, i lag med ein annan Netflix-film, The Princess Switch: Switched Again.

A California Christmas 2020 plakat - Filmdagbok