A Case of You (2013)

Film / 31. desember 2015
3/5

Ein smått ubehageleg fyr møter ei dame som jobbar på ein kafe. Han blir fengsla av ho, og går inn for å gjere seg kjent med Facebook-profilen hennar og etter kvart få til å kunne gå ut med henne.

Premissen er eit klassisk eit i samanheng med romantisk komedie: Skap eit forhold på grunnlag av å holde tilbake informasjon og framstå som ein person med andre interesser. A Case of You bidrar ikkje til noko nytt her. Denne type film gir meg eit ubehag eller ei uønskt slags spenning, og øydelegg noko av effekten av det komiske og romantiske. Ikkje ein gong den litt overraskande slutten kan vege heilt opp for dette.

Evan Rachel Wood strålar, og kjemien mellom ho og Justin Long er også på plass. Sjølv om sistnemnte spelar ein slitsam karakter, så har han nok menneskelege trekk ved seg og eit mål, og dette er nok til å drive filmen framover.

A Case of You er ikkje filmen eg er klistra føre skjermen heile vegen på. Men ein film eg tar pause frå midt i. Forutan nokon altfor typiske situasjonar og strukturelle knep så er det ein midt på treet fornøyeleg film.

A Case of You 2013 plakat - Filmdagbok

Regi

Kat Coiro

Manus

Christian Long, Justin Long, Keir O'Donnell

Skodespelarar

Justin Long, Keir O'Donnell, Evan Rachel Wood, Gideon Glick, Sienna Miller, Mizuo Peck, Peter Dinklage, Busy Philipps, Sam Rockwell, Vince Vaughn

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om A Case of You

Forfattar