A Christmas Detour

2015 / Film
12. desember 2016
3/5

A Christmas Detour er eit romantisk drama og ein julefilm som kom ut i 2015. Han er regissert av Ron Oliver. Candace Cameron Bure og Paul Greene spelar hovudrollane.

Eg hadde få forventningar til denne filmen, rett og slett fordi eg visste lite om han. Valet å sjå han skjedde av tre grunnar: Eg ser ein del julefilmar for tida, det var ein Hallmark-film og Candace Cameron Bure er ein skodespelar eg har kjennskap til og dermed lågare terskel for å sjå ein film med i.

A Christmas Detour handlar om ei kvinne som skal besøke familien til sin forlova til jul. Trøblete ver gjer at flyet må lande eit godt stykke vekke frå reisemålet som er New York. Og i dette tilfelle blir ho, ufrivilleg kan eg sei, kjent med ein annan fyr som òg skal til New York. Og ho blir kjent med eit gift par. Då tida dreg ut, ligg det til rette for ho å finne meir ut av kva ho eigentleg set pris på i form av menneske rundt seg.

Filmen er avgrensa i omfang, og gir litt av eit billeg preg som mange moderne julefilmar frå Hallmark har. Her snakkar me om filmar i kvantitet. Men det merkast òg at det er eit dyktig produksjonsapparat bak, som veit akkurat kva som skal til. Sjølv om det ikkje blir satsa høgt, er det innanfor. Som i mange andre tilsvarande filmar er det enkle effektar, inntrykket av ein varm vinter ettersom ingen pustar damp i kulda, og falsk snø som merkast best.

Skodespelarane gjer ein god jobb. Dei er midt på treet når det gjeld å uttrykke kjensler. Paul Greene er ein skodespelar som kan bidra med eit komisk uttrykk, på passe naturleg vis. Elles er skodespelarstaben liten, og det blir ikkje gjort noko stort nummer ut av birollane.

Dette er ein ukomplisert film. Vegen er målet, og slutten er føreseieleg. Det går litt sakte framover, men eg kjedar meg ikkje mykje. Kulisser og sånt ser som nemnt litt billeg ut, men kan aksepterast då eg visste kva eg gjekk til. Sånn sett svarar filmen på dei få forventningane eg hadde.

Dette er ein ganske så midt på treet film. Han får ingen anbefaling av meg. Du får heller ingen beskjed om å styre unna, så lenge du veit kva ein billeg julefilm frå Hallmark anno 2015 inneber.

A Christmas Detour 2015 plakat - Filmdagbok

Relaterte innlegg