A Christmas Prince: The Royal Baby

For tredje året på rad kjem Netflix med ein A Christmas Prince-julefilm. I den første filmen kom amerikanske Amber til kongeriket Aldovia for å vere barnepike. Ho enda opp i lag med prinsen. I den andre filmen gifta dei seg. I denne tredje filmen er Amber gravid og vil snart få eit barn.

Nabolandet Penglia og Aldovia har ein fredsavtale som skal fornyast kvart hundrede år. I 2019 er året for å fornye han på nytt, og det må skje innan julaftan. Med kongeparet frå Penglia er på besøk for å signere, forsvinn dokumentet som skal signerast. Tida arbeidar mot dei alle, som må løyse mysteriet.

A Christmas Prince: The Royal Baby er plankekøyring og ein film utan særleg mykje friksjon. I likskap med forgjengaren A Christmas Prince: The Royal Wedding verkar han å spele på lite anna enn ein mogleg suksess med førstefilmen. Eg forventa lite, og blei soleis ikkje skuffa. Men eg saknar likevel meir djupne. Me får lite ut av karakterane her. Det kunne ha redda den tynne historia. Men utan hjartevarme blir det inga julestemning i A Christmas Prince: The Royal Baby.

A Christmas Prince: The Royal Baby 2019 plakat - Filmdagbok