A Christmas Prince: The Royal Wedding
A Christmas Prince: The Royal Wedding er oppfølgjaren til Netflix-julefilmen A Christmas Prince frå 2017.
I denne filmen følger me kong Richard og Amber i førjulstida før dei to skal gifte seg. Det er ei tid kor Richard er oppteken med dei økonomiske problema til kongeriket. Amber på si side merkar korleis ho blir styrt av slottet sine tilsette mot eit bryllaup ho ikkje likar.
Filmen ber preg av å vere ein oppfølgjar berre for oppfølgjaren sin del, og ikkje fordi filmen har ei viktig eller god historie å formidle. Då det er eit år sidan eg såg forgjengaren, hadde eg vanskar med å hugse dei sentrale detaljane som denne filmen byggjer vidare på. Igjen står ein noko ufullstendig film, som manglar sjølvstende, god oppbygging og karakterbygging.

Regi
Manus
Skodespel
Rose McIver • Ben Lamb (V) • Alice Krige • Honor Kneafsey • Sarah Douglas • Theo Devaney • John Guerrasio • Andy Lucas (I) • Simon Dutton • Katarina Cas • Richard Ashton (I) • Raj Bajaj • Tahirah Sharif • Joel McVeagh • Billy Angel • Tom Knight (I) • Claudiu Trandafir • David Broughton-Davies • Razvan Gheorghiu … Minimer … Vis alle