A Christmas Story

1983 / Film
16. desember 2007
4/5

A Christmas Story er ein julefilm i tradisjonell forstand, familievennleg og utan dei store overraskelsane. Regissør Bob Clark har forteljarstemma og fortel korleis desember månad utarta seg for han som niårige Ralphie omkring 1940 .

Ein av dei flotte tinga er kor godt filmen klarer å fortelja historia frå perspektivet til eit barn slik at eg sjølv levde meg inn og kjende meg igjen undervegs, trass dei 50 åra mellom Ralphies og barndomen min. Tida før jul der ein går og ønskar seg eit spesielt leikety utarta seg kanskje ikkje på same måte i dag, då ungar får alt dei vil ha for å halda kjeft, men berre få år sidan når eg var på denne alderen var eg aldri garantert toppønske mitt.

A Christmas Story gjer meir enn å setja meg inn i barndomsrollen, han er utruleg hyggeleg og ein koseleg morosam film på vennleg vis, der det ikkje vert prøvd hardt for å skapa latter, men all fell naturleg på plass i tilvera til familien Parker og ein humrar meir enn å bryta ut i latterbrøl. Verkeleg ein solid julefilm dette her altså!

A Christmas Story 1983 plakat - Filmdagbok

Relaterte innlegg