A Cinderella Story: Christmas Wish

Film / 2019
3/5

Laust basert på historia om Askepott, men sett til ei moderne verd og med ein del eigne vendingar, er A Cinderella Story: Christmas Wish ein overraskande fin og frisk film.

Eg forventa ein film som låg nærare Askepott-forteljinga, men denne endrar både på karakterane, samspelet mellom dei og strukturen i forteljinga. I det store og heile veit eg kva som vil skje, men eg veit ikkje alltid kor filmen går først på vegen dit. Det er det friske filmen filmen.

Humoren er på plass, romatikken er enkel og fin, og noko musikalske innspel krydrar det heile. Laura Marano er artist ved sidan av å vere skodespelar, og har eit par songnummer her med eigne songar.

Det er ikkje så mykje meir å sei om A Cinderella Story: Christmas Wish anna enn at han er ein lett og ledig film å sjå. Han er føreseieleg, men med den rette innstillinga så er han ei god oppleving likevel.

A Cinderella Story: Christmas Wish 2019 plakat - Filmdagbok