A Clockwork Orange (1971)

Film / 9. mai 2014
3/5

Førre gang eg såg A Clockwork Orange var like etter tusenårskifte. Stanley Kubrick-filmane spela ei stor rolle då eg gjekk frå å sjå stort sett hovudstraumsfilm og nyutgitt film, til å få sansen for eldre klassikarar. A Clockwork Orange gav ei minneverdig oppleving. Med sine sterke bilde og sitt brutale innhald har eg ikkje hatt behov for å sjå filmen igjen før i år. Trass i at eg ein gong rundt 2005 kjøpte filmen på nytt, blei han ståande uopna i plastikk i nokon år før eg selde filmsamlinga.

A Clockwork Orange handlar om den valdelege personen Alex (Malcolm McDowell), som i lag med sin gjeng brukar kveldane på å banke opp folk, valdta, stela og andre innslag av såkalla ultra violence – eit omgrep filmen terpar på. Alex har forteljarstemma i filmen og leiar oss frå desse brutale handlingane til fengslinga si og ei eksperimentell behandling for å kvitte seg med dei valdelege tendensane.

Som Stanley Kubrick-filmar flest er det ypparleg audiovisuelt arbeid. I tillegg spelar språket ei stor rolle. Tida og miljøet er i eit nærast dystopisk England, og Alex og vennene bruker aktivt snodig slang og rare uttrykk.

Ettersom eg har sett eit par tusen filmar sidan førre gang eg så denne, og blitt godt van med filmvald, så var det ikkje ei like sterk oppleving denne gongen. Ubehageleg og dryg, men i det eg ikkje lar alt gå så innpå meg, så får eg også med meg meir av den mørke humoren som filmen byr på.

A Clockwork Orange er utvilsamt ein god film, og bør bli sett, akkurat som alle dei andre Stanley Kubrick-filmane også bør bli sett. Det er nok ikkje min favoritt, ei smakssak som gjeld tema og litt mangel på interesse for karakterane.

A Clockwork Orange 1971 plakat - Filmdagbok

Regi

Stanley Kubrick

Manus

Stanley Kubrick, Anthony Burgess

Skodespelarar

Malcolm McDowell, Patrick Magee, Michael Bates (I), Warren Clarke, John Clive, Adrienne Corri, Carl Duering, Paul Farrell, Clive Francis, Michael Gover

Sjangrar

Drama, Krim, Science fiction

Land

Storbritannia, USA

IMDb

IMDb-side om A Clockwork Orange

Forfattar