A Close Shave (1995)

Film / 17. februar 2016
4/5

I den tredje Wallace & Gromit-filmen blir me introdusert for sauen Shaun frå Shaun the Sheep.

Ull står på programmet i A Close Shave. Det er mangel på ull og noko ullent går føre seg ute av syne. Mannen Wallace og hunden Gromit hamnar midt i situasjonen, som også denne gongen blir fortalt på ein humoristisk og spennande måte, med innslag av krim og mange artige maskiner.

For kvar nye film blir grensene for sprek animasjon utvida, og A Close Shave er blant det drygaste hittil på dette. Likevel er humoren å finne i detaljane og den typiske britiske veremåten til Wallace, og i at Gromit gjerne tar støyten for det som skjer.

Shaun er filmens helt, og tilfører filmen ekstra sjarm, og det er ikkje vanskeleg å sjå at hans lure veremåte inspirerte ein eigen serie og seinare filmen Shaun the Sheep Movie.

A Close Shave 1995 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Wallace & Gromit, Aardman Animations

Regi

Nick Park

Manus

Bob Baker, Nick Park

Skodespelarar

Peter Sallis, Anne Reid, Justin Fletcher, Peter Hawkins

Sjangrar

Animasjon, Familie, Komedie, Kort, Krim, Science fiction

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om A Close Shave

Forfattar