A Cookie Cutter Christmas (2014)

Film / 24. desember 2015
3/5

Den siste julefilmen eg ser før julaftan i 2015 er Hallmark-filmen A Cookie Cutter Christmas. Blant julefilmar i år betyr dette for meg eit gjensyn med David Haydn-Jones frå Dear Santa. Og eit par nye ansikt i form av mellom anna Erin Krakow.

Kjerna i historia er ei rivalisering mellom to kvinner som har vart frå barndomen av. No er dei begge lærarar på ein barneskule, og hamnar i ein ny intens konkurranse mot kvarandre for å bli lagt merke til av ein kjekk enkemann. Enkemannen har akkurat flytta til område og har dottera si på deira skule.

Ein bakekonkurranse spelar ei viktig rolle, og blir ikkje overraskande problematisert etter ei stund. Utfallet er som sett i stein frå første minutt, men utfallet og det meste andre som skjer i denne filmen er som forventa. Det blir utført på ein enkel, men grei måte. Produksjonen verkar passe billeg, utan at det går utover evna filmen har til å fortelje historia sin.

Det største problemet eg har med filmen er miljøet. Me har å gjere med ei einsleg og ung lærarinne som likevel eig eit gigantisk og moderne hus, og har ein Lexus-bil i garasje. Rikdomen blir aldri forklart, men er ein typisk distraksjon for den observante.

A Cookie Cutter Christmas er siste film ut i årets julefilmprosjekt. Eg har presentert 24 julefilmar i løpet av desember. Og stort sett alle har vore laga for tv eller video. Dette var eit eksperiment frå første stund, då eg stort sett aldri har sett ein tv-film som ikkje har vore av spesiell interesse. Men det fall utruleg nok i smak, og gjennomføringa har vore lettare og meir underhaldande enn tidlegare år sine julefilmprosjekt har vore. Trass i at tidlegare år har leverte betre filmar på sitt beste. For ingen av julefilmane eg har sett i år har nådd ei rangering betre enn 3/5.

A Cookie Cutter Christmas 2014 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Hallmark, Julefilmar

Regi

Christie Will

Manus

Barbara Kymlicka

Skodespelarar

Erin Krakow, David Haydn-Jones, Miranda Frigon, Laura Soltis, Jill Morrison, Genea Charpentier, Alan Thicke, Alexandra Staseson, Jason Hunt, Emily Delahunty

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

Canada

IMDb

IMDb-side om A Cookie Cutter Christmas

Forfattar