A Deadly Adoption (2015)

Film / 18. oktober 2015
3/5

A Deadly Adoption er ein dønn seriøs og dramatisk tv-film laga for Lifetime, med Will Ferrell og Kristen Wiig. Det er ingen parodi, og den einaste komedien her er den ufrivillige. Spørsmålet er akkurat kor ufrivillig han kan vere, men formålet med filmen var iallfall å lage ein seriøs og typisk Lifetime-film.

Det handlar om ein liten familie med ei tragisk fortid, som har tenkt å adoptere ein baby. Mora til den ufødde babyen flyttar inn hjå dei tre månader før fødselen. Men det høyrer meir til historia enn som syns på overflata. Og ting vil komme fram.

Det er få overraskingar med A Deadly Adoption. Det er ein film proppfull av klisjear, og han er føreseieleg til tusen. Alt du trur kan skje, og kanskje håper ikkje vil skje, det skjer. Eit hint vil bli følgt opp. Ei frykt vil bli overvunne. Ei etterfølging vil bli avslørt. Og gjennom alt held Will Ferrell seg dønn seriøs.

Ein film som leverer så etter notane som denne er på eit vis fantastisk gøy å sjå. Ikkje som ein fantastisk heilskap, men som hysteriske deler. Andre deler er kjedelege, akkurat som eg antar ein typisk, uoriginal Lifetime-film kan vere.

Skal du sjå en Lifetime-film i løpet av ditt liv, så kan du likegodt sjå denne. Betre enn midt på treet er han ikkje, og dit plasserer eg han utelukkande på grunn av ufrivillig komedie, Will Ferrell og Kristen Wiig.

A Deadly Adoption 2015 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Lifetime

Regi

Rachel Goldenberg

Manus

Andrew Steele

Skodespelarar

Will Ferrell (I), Kristen Wiig, Jessica Lowndes, Alyvia Alyn Lind, Jake Weary, Erik Palladino, Bryan Safi, Debra Christofferson, Carolyn Hennesy, Kellita Smith

Sjangrar

Drama, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om A Deadly Adoption

Forfattar