A Dog's Journey

Film · 2019 · · 1. november 2020
4/5

A Dog's Journey er oppfølgjaren til A Dog's Purpose frå 2017. I grove trekk byggjer han på den same oppbygginga som forgjengaren sin.

Det handlar om ein hund, eller kan ein sei sjela til ein hund, som følgjer eigaren sin gjennom ulike hundeskapnader gjennom ein lengre periode. Måten dette er lagt opp til på, gjer at filmen blir både rørande, fin og morosam. Trass i at det er eit urealistisk premiss.

Filmen er god på å ta dyrerelatert oppførsel på kornet. Og tolkinga av forholdet ein hund har til sin eigar har god underholdningsverdi.

Eg vel å gi filmen ei passe høg rangering på grunn av at filmen traff godt. Og sjølv om eg ikkje ga så høg rangering til A Dog's Purpose, så vil eg sei at dei er omtrent like gode.

  • A Dog's Journey 2019 plakat - Filmdagbok
  • A Dog's Journey 2019 plakat - Filmdagbok