A Garfield Christmas Special

1987 / Film
17. desember 2009
2/5

Garfield er i likskap med A Charlie Brown Christmas ein kort animert tv-spesial som vart sendt på for eit bel tilbake sidan og som i ettertid har vorte tradisjon, om ikkje i Noreg, så iallfall i USA. Eg har heller aldri sett Garfield animert før eg såg denne spesialen, men alltid vore nysgjerrig, berre ikkje nok til å gjera noko med det.

Tilhøvet mitt til Garfield-striper i aviser og blad er svakt, eg les det eg kjem over, vel halvparten er artig, men eg har aldri kjøpt eit Garfield-blad eller gådd inn for å oppsøkja serien.

Om spesialen kan vel følgjande seiast; at det heller ikkje her er den beste historia dei byggjer på, men heller ein forventing at folk har kjennskapar til fiksjonsuniverset frå før, og kan le av og med karakterane – sett til ein koseleg julefeiringa. For litt koseleg er det, og litt humor når igjennom til ein gretten, skeptisk gubbe som meg òg, men altså, dette var nok ikkje meint å nå ut til meg.

A Garfield Christmas Special 1987 plakat - Filmdagbok

Relaterte innlegg