A Girl Like Her (2015)

Film / 9. november 2016
3/5

A Girl Like Her handlar om tenåringar, jenter og mobbing. Ei jente blir mobba, og blir overtalt av ein venn til å dokumentere mobbinga ved å gå med eit spionkamera som er slått på.

Mobbinga pågår så lenge at jenta til slutt bryt saman og prøver å ta sitt eige liv, og det er då filmmateriale dukkar opp til overflata. Eit produksjonsselskap som er innom high school for å filme helt andre saker, får nyss om mobbinga på den tilsynelatande perfekte skulen, og startar å grave etter sanninga.

A Girl Like Her har ein del for seg. Stort sett ukjente skodespelarar for min del, men kjente i amerikanske såpeseriar, gjer dette meir truverdig i sin dokumentariske tilnærming av fiksjonsfilm. To poeng som trekk filmen litt ned er at han ikkje klarer å mane fram dei sterke kjenslene han prøver på, og at når situasjonen vender seg mot mobbaren framstår det som hemn og mobbing det også. Kva filmen eigentleg står for blir derfor noko uklart.

A Girl Like Her 2015 plakat - Filmdagbok

Regi

Amy S. Weber

Manus

Amy S. Weber

Skodespelarar

Hunter King, Lexi Ainsworth, Jimmy Bennett, Amy S. Weber, Stephanie Cotton, Mark Boyd, Christy Engle, Jon W. Martin, Madison Deadman, Anna Spaseski

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om A Girl Like Her

Forfattar