A Golden Christmas (2009)

Film / 19. desember 2015
3/5

Dette er ikkje den hundefilmen det ser ut til. For å avsløra med ein gong, så dukkar ikkje dei små hundekvalpane opp meir enn eit lite minutt i slutten av filmen.

Det A Golden Christmas handlar om er ei ung enke med barn som kjem heim til jul. Der mimrar ho tilbake til ein gut ho møtte i barndomen ein sommar, og var bestevenner med den sommaren. Og ein hund som alltid var med dei.

Det er ikkje vits å sei stort meir. Resten av filmen er så føreseieleg som du kan forventa. Det er heller ikkje lagt opp til overraskingar for oss, men heller for karakterane i filmen. Andrea Roth er kvinna, og Nicholas Brendon er den sjølvsagde mannen som må til. Dette er ein typisk film der det faktumet at Nicholas Brendon spelte i Buffy the Vampire Slayer er med på å trekkja det opp for delen min. Og at Andrea Roth er ei attraktiv kvinne på typisk 40 år som ikkje ser ut til å vera feil i denne typen film.

Det er ikkje ein stort juleprega film. Jula er meir eit bakteppe enn ein viktig del av eventuell sentimentalitet og den slags. Det går greitt for delen min at ikkje alle julefilmane eg ser i år har for mykje julestemning.

A Golden Christmas 2009 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Julefilmar

Regi

John Murlowski

Manus

Jay Cipriani

Skodespelarar

Andrea Roth, Nicholas Brendon, Elisa Donovan, Bruce Davison, Alley Mills, Jason London, Daniel Zykov, Melody Hollis, Sherman, Robert Seay

Sjangrar

Familie, Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om A Golden Christmas

Forfattar