A Love Song for Bobby Long (2004)

Film / 19. juni 2006
3/5

I eit hus i New Orleans bur den alkoholiserte Bobby Long og den litt mindre alkoholiserte Lawson Pines. Pines skriv ei bok om Long, men kjem aldri nokon veg. Ein veg kjem derimot Pursy Will, og det er opp vegen til huset og inn i det. Etter at mora Lorraine døydde får Pursy vite at huset er hennar, saman med Bobby og Lawson, det dei to veit er at dei ikkje har krav på å bu der lengre enn eit år frå dødsdagen til Lorraine.

A Love Song for Bobby Long er ein film som gir god kjensle. Det er poesi, litteratur og musikk i massevis her. Bobby (John Travolta) klimprar innimellom på gitaren, siterer store forfattarar og drikk nesten konstant. Lawson (Gabriel Macht) prøver å skrive, noko som ikkje er lett med Bobby hengande over skuldrene. Pursy (Scarlett Johansson) pussar opp huset, prøver å skaffe ein jobb, og spelar av musikk som irriterer livet av Bobby.

Det er ikkje så mykje handling. Men det går bra, om du ikkje har noko i mot verken John Travolta eller Scarlett Johansson. Filmen har ei god stemning, og om det ikkje var bra nok, så dukka det opp ei velkjent Death Cab For Cutie-låt midt inni. Filmen er kanskje meir alvorleg enn morosam, men han er heldigvis ikkje så mørk.

A Love Song for Bobby Long 2004 plakat - Filmdagbok

Regi

Shainee Gabel

Manus

Ronald Everett Capps, Shainee Gabel

Skodespelarar

John Travolta, Scarlett Johansson, Gabriel Macht, Deborah Kara Unger, Dane Rhodes, David Jensen (II), Clayne Crawford, Sonny Shroyer, Carol Sutton, Walter Breaux

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om A Love Song for Bobby Long

Forfattar