A Man Called Horse

Ein britisk lord er på jakt og tur i det ville vesten, då leiren hans blir angripe av Sioux-indianarar og han blir teken til fange. Han får tilnamnet shunkawakan som betyr hest, og får ein fysisk hard start på det som blir eit lengre opphald hjå indianarane.

Når eg såg Apache med Burt Lancaster for ein månad sidan, skreiv eg at eg kunne tenke meg å sjå korleis den historia kunne ha blitt fortalt i ein storfilmproduksjon i 2020. A Man Called Horse frå 1970 gir seg ut for å vere ei meir realistisk forteljing. Mange skikkar blir vist, grusame hendingar blir ikkje sensurert og språket er truverdig. Men også her hadde eg vore interessert i å sjå korleis dette hadde kunne blitt laga film av i 2020. At filmen nærmare seg realismen meir, gjer at eg blir meir på vakt og kritisk innstilt til innhaldet.

Sett forbi det å vere kritisk, så er dette ein rikhaldig film som tar sjåaren med eit stort eventyr. Her blir det spelt på forskjellar, likskapar, vanskane som oppstår i kommunikasjon og meir universell formidling på tvers av kulturar. Protagonisten legg ut på ei reise i tid og personleg utvikling som er interessant å følgje. Filmen byr også på solide dosar brutal action og innslag som ser ut til å vere svært fysiske også for hovudrolleinnehavaren Ricard Harris.

På skalaen vurderer eg ikkje filmen som veldig god, men ein stad litt under. Han er god nok til at omsider kjem til å sjå The Return of a Man Called Horse, men blir ikkje noko klassikar eg vel å anbefale vidare på generelt basis.

  • A Man Called Horse 1970 plakat - Filmdagbok
  • A Man Called Horse 1970 plakat - Filmdagbok