A Matter of Loaf and Death (2008)

Film / 18. februar 2016
4/5

I den nyaste filmen til Wallace & Gromit per dags dato vert fleire bakarar myrda, og Wallace ser ut til å vera nestemann på lista. Kortfilmen er ei blanding av komedie og krim, og er som vanleg utført med modelleire på flott vis.

A Matter of Loaf and Death er stappfull av teknologi og maskiner. Oppfinningane til Wallace er ein av dei faste oppskriftene til og kjennemerka ved Wallace & Gromit-filmane. I tillegg til at historia utartar seg som han gjer delvis på grunn av naiviteten til Wallace.

Ein av tinga som både gler og imponerer meg er kor halsbrekkande mange av innslaga er, og effekten dette har på meg. Animasjon er gjerne ikkje sjangeren eg lèt meg imponera mest av, då det meste er vorte mogleg å animera. Men animasjon med modelleire ser ikkje ut til å vere ramma av trøyttleiken av urealistiske og over toppen hendingar eg har fått.

A Matter of Loaf and Death 2008 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Wallace & Gromit, Aardman Animations

Regi

Nick Park

Manus

Nick Park, Bob Baker

Skodespelarar

Peter Sallis, Sally Lindsay, Melissa Collier, Sarah Laborde, Geraldine McEwan, Ben Whitehead

Sjangrar

Animasjon, Familie, Komedie, Kort, Krim

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om A Matter of Loaf and Death

Forfattar