A Modern Farewell

A Modern Farewell er ein 45 minuttar lang hyllest til den langtlevande komiserien Modern Family. Dokumentaren blei sendt i forkant av den doble avslutningsepisoden, og er ei kjensleprega oppsummering av dei elleve åra serien gjekk.

Eg har ikkje sett så altfor mange oppsummerande dokumentarfilmar som denne. Årsaka er at dei ofte er overflatiske, og gir lite nytt. A Modern Farwell er blant det betre, der mesteparten av formidlinga vektlegg det som har skjedd bak kamera og om dei involverte. Så dette gir meining, og blir meir enn berre gamle klypp frå serien.

Det er framleis ein spesialepisode som i stor grad skryt av Modern Family, som hyllesten han er. Men som med serien, så er det litt meir under den lette og ledige tonen. Ein serie som går i elleve år med dekninga denne serien har hatt, set sitt preg. Og A Modern Farwell tek for seg dette, sett frå innsida.

  • A Modern Farewell 2020 plakat - Filmdagbok
  • A Modern Farewell 2020 plakat - Filmdagbok