A Muppet Family Christmas

1987 / Film
3. desember 2013
3/5

Ingen jul utan The Muppets. Tredje julefilm i denne oppkøyringa til jul er The Muppets-spesialen for tv, A Muppet Family Christmas, frå 1987. I denne korte saka samlast figurar på tvers av Fraggle Rock, The Muppet Show og Sesame Street for julefeiring på garden til mora til Fozzie Bear.

Forutan framføring av julesongar skjer det ikkje stort her, men det gode selskapet og lystige melodiar er nok til å skapa julestemning. Av nemneverdige innslag er tilstadeveret av Doc og Sprocket frå Fraggle Rock og Swedish Chefs jakt på fugl til julemiddag.

A Muppet Family Christmas er ikkje den første The Muppets-produksjonen du går til, men blant tv-spesialar er det noko av det betre, trass i lite handling.

A Muppet Family Christmas 1987 plakat - Filmdagbok

Relaterte innlegg