A Night in Casablanca
Marx-brørne er kjente i filmhistoria. Groucho Marx, Harpo Marx, Chico Marx og Zeppo Marx, i blant i lag med Gummo Marx og seinare utan Zeppo Marx, har fem filmar blant dei 100 beste komediane kåra av American Film Institute. A Night in Casablanca er den tredje siste filmen deira, og er utan Zeppo Marx eller Gummo Marx.
Handlinga er som følger: På eit hotell i Casablanca, etter andre verdskrig, dør hotellsjefane som fluger. Årsaka er ein nazist som vil ha kontroll over hotellet og har gøymt skattar der. Kornblow (Groucho Marx) hamnar i vegen for nazisten, men blir vrien å kvitte seg med.
Filmen er ein komedie på linje med det meste med Marx-brørne. Det er fysisk komedie, forvirring, faenskap og høgt tempo. Alt er på toppen av ei historie som ikkje er så dum. Formålet er å skape latter, og litt god stemning med musikalsk innslag. Karakterane til Marx-brørne er stort sett like frå film til film, så det er òg komedie i attkjenninga av særeigne verkemiddel.
I lag med den fysiske humoren er ein rå og frekk dialog sterk i filmen.
A Night in Casablanca når ikkje toppen av filmane med Marx-brørne. Det går for lang tid før historia blir interessant, og det tar ei stund før rare påfunn blir artige. Utover i filmen tar det seg opp. Minneverdige og ville sekvensar set sitt preg, og det blir ein fornøyelse å følge med på. Som introduksjon til brørne kan eg ikkje anbefale filmen, men filmen er ikkje utan grunnar til å sjå han.

Regi
Manus
Skodespel
Groucho Marx • Harpo Marx • Chico Marx • Charles Drake (I) • Lois Collier • Sig Ruman • Lisette Verea • Lewis L. Russell • Dan Seymour • Frederick Giermann • Harro Meller • David Hoffman (I) • Paul Harvey (I) • Alex Ball (I) • Edward Biby • Eugene Borden • Nick Borgani • James Conaty • Mary Dees • Joe Dominguez • Nestor Eristoff • Adolph Faylauer • Kenneth Gibson (I) • Herschel Graham • Stuart Hall (I) • Art Howard • Mike Lally (I) • Ethelreda Leopold • Wilbur Mack • Harold Miller (I) • Sol Murgi • Paul Ravel • Waclaw Rekwart • Suzanne Ridgway • Ruth Roman • Harry Semels • Sammy Shack • Stephen Soldi • Larry Steers • Count Stefenelli • Arthur Tovey • Philip Van Zandt • Bob Whitney (I) … Minimer … Vis alle