A Nightmare on Elm Street

Film / 1984
4/5

Eit felles mareritt dukkar opp i nabolaget, den første som får smake kniven er ei tenåringsjente som nyleg har hatt sex før ekteskapet, ganske typisk, på ein morosam måte. At ho drøymer om å bli drepen er inga hindring for at drapet faktisk skjer. Vennene som også har drøymt om den skumle mannen med det brente ansiktet og fire knivblad i hansken, den etter kvart legendariske Freddy Kreuger, blir sjølvsagt ikkje trudd når politiet blir sett på saka.

Eg har altså gitt meg i gang med A Nightmare on Elm Street, og då meiner eg heile filmserien. Denne filmen frå 1984 har fått sju oppfølgjarar om du skal rekne med Freddy vs. Jason.

Tenåringsgrøssaren til Wes Craven har ein del for seg, det er Johnny Depp sin debutfilm og han har ei ganske viktig birolle i filmen. Det er birolla som får mest tid etter Heather Langenkamp som Nancy i hovudrolla og Robert Englund. Robert Englund spelar det skumle beistet av eit menneske, Freddy, som på grunn av blandinga mellom draum og verkelegheit får eit fantasifullt spelerom til å utføre dei mest bestialske drapa.

A Nightmare on Elm Street har det meste på plass. Han har karakterar som glir fint inn i handlinga, eit monster av ein drapsmann, fin balanse mellom verkelegheit og overnaturlege element, ei oppbygging som passar godt til sjangeren og nok blod. Han blir for min del aldri skummel, Men han blir morosam på ein pervers måte, og det ofte, og det tykte eg var ganske underhaldande.

A Nightmare on Elm Street 1984 plakat - Filmdagbok